Nytt om navn:

Herlof Nilssen vald inn i styret i Avinor

 

På generalforsamlinga den 2 juni blei Herlof Nilssen vald inn som nytt aksjonærvald styremedlem i Avinor AS. Styremedlemene Eli Skrøvset og Tone L. Hofstad blei attvalde. 

Herlof Nilssen (f. 1958) har vore administrerande direktør i Helse Vest RHF sidan 2002. Han har tidlegare erfaring som rådmann og frå reiselivsnæringa. Nilssen har omfattande styreerfaring, og er i dag styreleiar i Helse Vest IKT AS, styreleiar i Nasjonal IKT HF, styremedlem i Norsk Helsenett SF og nestleiar i arbeidsgivarorganisasjonen Spekter Helse. Nilssen erstattar Dag Helge Hårstad som går ut av styret etter åtte år.

Etter generalforsamlinga er styret i Avinor AS samansett slik:

Aksjonærvalde:
Ola M. Rinnan (styreleiar)
Ola H. Strand 
Eli Skrøvset 
Tone L. Hofstad 
Mari Thjømøe 
Herlof Nilssen

Vald av dei tilsette:
Per Erik Nordsveen 
Heidi Sørum 
Bjørn Tore Mikkelsen 
Grete Ovnerud

Bakgrunn om Avinor
Avinor As er eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten ved Samferdselsdepartementet. Samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet. Avinor eig statlege flyplassar, planlegg infrastrukturen i luftfarten, og yter lufthamn- og flysikringstenester for reisande og flyselskap og andre brukarar av luftfartsanlegg.

Ledige stillinger

Nyhetsarkiv